Forfattarstudiet i Bø

I Bø—ved Høgskolen i Telemark—blir det drive ei kunstfagleg eittårig forfattarutdanning, kjent som Forfattarstudiet i Bø. Det blei i si tid oppretta etter initiativ og aktivt press frå Den norske Forfatterforening. Studiet har gjennom åra uteksaminert mange studentar som har etablert seg som forfattarar med tydelege skjønnlitterære røyster i den norske bokheimen.

Utdanninga er dyr i samanlikning med dei fleste reint kunnskapsproduserande utdanningane, jf. også kostnadskategoriane for andre kunstfaglege studium, t.d. ved dei to kunsthøgskolane i Oslo og Bergen. Ekstern finansiering er no ein føresetnad for å halde ved lag studiet, sjølv om søkjartala er gode, studenttala oppfylte og resultata svært smigrande for institusjonen.

Studiet høyrer heime i styrings- og budsjettstrukturen under Kunnskapsdepartementet. Kan det likevel tenkjast ei kopling mellom KD og KKD/Kulturløftet II for å sikre ei så litteraturproduserande og skriftkulturstimulerande utdanning som Forfattarstudiet?

Vist 62 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder