Heile landet treng god, uformell og utfordrande litteraturformidling. Suksessen til Litteraturhuset i Oslo viser at dette er noko folk sakna – og det gjer dei sjølvsagt utanom hovudstaden òg. Bokbyar er godt eigna til kunnig litteraturformidling utanom storbyane. Litt bakgrunn: Den norske bokbyen i Fjærland (og bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand) hyser til saman store mengder litteratur, og båe får løyvingar over statsbudsjettet – om lag 300.000 i året. I Fjærland bruker me desse pengane til eit omfattande littetatur- og kulturprogram gjennom sumarsesongen, der det aller meste er gratis for publikum. Me får tak i gode forfattarar som tek opp interessante emne, me gjev både bygdafolk og tilreisande eit tilbod som er på høgd med større og tyngre litteratufestivalar og -hus, me gjer det som den mest sjølvsagde ting – og me gjer det effektivt og billeg. Den norske bokbyen er med på å gje eit rikare åndsliv på vestlandet, og me gjev kongeriket Noreg mykje litteraturformidling pr. krone.
Me veit at fleire bokbyar er under planlegging rundt om i landet. Det er ein god ide. Folk over heile landet treng tilgang på bøker som ikkje er på bestseljarlistene lenger, og ein bokby gjer det lettare å laga gode litteraturtilstellingar utanom storbyane. I eit kulturlyft er det difor lurt å ha eit lite auga ope for bokbyane. Dei står for effektiv litteraturformidling, dei har bøkene du ikkje visste at du sakna, og dei gjer mykje av arbeidet på dugnad, rett og slett fordi dei likar bøker. Bruk oss!